Tysdag 27.09. var det kick-off for ungdomsbedrifter på skulen
I tillegg til elevane på yrkesfag deltok vg2 og vg3 på delar av programmet som vart leia av UE Vestland ved Fridjov Falch Sorø og Knut Brodal. Programmet varte ein heil skuledag og elevane fekk informasjon om kva ungt entreprenørskap og ei ungdomsbedrift er for noko. Deretter jobba elevane med ulike øvingar som dei måtte presantere i etterkant. Mellom anna jobba dei med "Etablering av eiga verksemd". Bileta er frå presentasjonane til dei ulike gruppene.
Høyanger vgs har jobba med ungt entreprenørskap lenge og førre skuleår var ungdomsbedrifta Includit UB representert under fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter. Der mottok dei pris for beste presentasjon og utstilling. Vi ønsker årets ungdomsbedrifter lukke til. Kanskje vert det fleire prisar??