Hopp til hovedinnhold

Tryggleiksveke

Slukking av brann

I samband med Høyanger kommune si tryggleiksveke har skulen arrangert tryggleikskurs for alle nye elevar og for elevane på vg2 YF.

Det er Brannvakten v/Dag Andre Nesse som held kurs for elevane våre.

Elevane er innom desse emna:

  • Brannteori
  • Brannslokking.  Her får elevane på vg2 YF utøve praktisk slokking på Vetleseten.
  • Alarm og evakuering
  • Fyrstehjelp

I år fekk elevane prøve "Velte-Petter" i regi av med Statens vegvesen, som hadde stand på bytorget. "Velte-Petter" er ein bil som er festa til ein elektromotor som gjer at bilen kan snurre rundt slik at han hamnar på taket. Inne i bilen fekk elevane prøve kreftene som verker på kroppen, sjølv i låg fart og under kontrollerte forhold.

Sjå film frå Tryggleiksveka