Oversiktsbilete av skule, idrettsanlegg og Høyangerbadet

Ny avdelingsleiar ved Høyanger vgs.

Tysdag 2. januar 2018 byrja Ståle Walsvik som ny avdelingsleiar for yrkesfaga ved Høyanger vidaregåande skule.

Ståle har tidlegare jobba som lærar hos oss og kjenner difor skulen godt. Det siste året har han vore lærar ved Fagskulen i Sogn og Fjordane avd. Førde, men har og lang fartstid frå det private næringslivet.


Vi ønskjer Ståle velkomen til Høyanger vidaregåande skule.