Lina og Benjamin 2ELA

Foto: Espen Bakketun

NM i yrkesfag

Denne veka deltek Benjamin Wolff og Lina D. Haugsbø i NM.  

Benjamin som vann fylkesmeisterskapet i februar i elektrikarfaget skal representere Sogn og Fjordane under NM, som vert arrangert på Ringsaker vidaregåande skule i Hedemark fylke, 11.-12. april.  I om med at dei skal arbeide saman to og to får han med seg Lina, som også var deltakar under FM.

Tida fram til avreise har dei nytta til å førebu seg så godt dei kan. Begge er veldig innstilt på å gjere ein god konkurranse, men vil og legge vekt på å ha det kjekt medan dei konkurrerar.  Avdelingsleiar Ståle Walsvik og kontaktlærar Johnny Gangeskar skal reise saman med dei to elevane.

Vi ønskjer alle god tur og lukke til!