Elever og føredragshaldar i auditoriet ved Hvgs

Bjørn Løvland

Nettvett

Kvar år samlar ein alle nye elevar på vg1 for å lære dei nettvett. 

Undervisninga om nettvett har vi delt i tre. Først må elevane svare på ei undersøkjing. I den andre delen går vi gjennom svara med elevane, og snakkar om kva skulen forventar når dei har eit ope nett, og kva dei må hugse på i den digitale kvardagen både på skulen og i fritida.  

Viktge punkt er;

  • Å ha anti-virusprogram
  • Del aldri passord med andre
  • Last ikkje ned ulovlege program
  • Ikkje legg ut bilete av andre utan å spørje
  • Ikkje mobb eller skriv ufine ting på nett

På bakgrunn av dette skal kva klasse lage nettverksreglar som gjeld for klassen både i skuletida og på fritida.

Del tre i undervisninga er eit føredrag med tema knytt til nettvett.  I dag hadde vi besøk av Bjørn Løvland frå stiftinga "Tryggere". Han snakka m.a. om vold, seksuell trakassering og bildedeling på nettet samt konsekvensar dette kan få, både for dei som utfører det og dei som vert utsett.
.
Takk til Høyanger Sanitetsforening som kvart år brukar pengar på gode og nyttige føredrag for oss ved Høyanger vgs.

Nettvett Hvgs
Ein lydhør forsamling som høyrer på Bjørn Løvland frå stiftinga "Tryggere"