Elever i kantina

NETTVETT

Høyanger vgs. ønskjer å halde trykket opp når det gjeld nettvett hos elevane.  På starten av kvart skuleår vert det satt av tid til å snakke med nye elevar om korleis forveningar skulen har til elevane sin nettbruk. 

Denne veka hadde vi oppfølging av dette ved å invitere alle elevane til eit foredrag kalla; "Hatprat på nett". Det var Høyanger Lensmannskontor som holdt foredraget som varte i ein skuletime. Tema var generell nettvett, digital mobbing og seksuallovbrot på nett. 

Ida, Ole Marius og Kristoffer sitt foredrag var godt og nyttig, både for elvane og dei tilsette.  Elevane vart oppmoda til å seie i frå, dersom dei opplever noko som ikkje er greitt på nettet. Dei snakka mykje om det å bli lurt og utnytta, og at det er mange uærlege nettverk og personar som utgir seg for å vere andre enn det dei er. 
Dei fortalde at fleire og fleire unge havner i uønska situasjonar, og at det difor er viktig at ein setter grenser og tenkjer over kva ein skriver og deler med andre.

Dei snakka ein god del om dei ulike lovbrota og kva som er straffbare handlingar, og at personer som bryt lova kan enten få bøter eller fengselsstraff.

Takk til dei tre politibetjentane som tok turen til Høyanger vgs. i dag.

Politiet

Ole Marius