Høyanger vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Studiespesialisering
Caroline Grepstad

Caroline Grepstad

Musikk + Høyanger vgs = heilt topp for Caroline!

Veit du at det finst studiespesialiserande også i Høyanger? For Caroline (16) frå Sande blei det ei a-ha-oppleving – spesielt sidan ho her også fann eit miljø å dyrke musikkinteressa si i – saman med lærarane.

Caroline Grepstad har sunge heile livet, men mest i smug. Kanskje er det møte med musikkmiljøet ved Høyanger vgs som skal få ho ut av jenterommet og opp på dei store scenene? 
Akkurat no handlar det om å kombinere lidenskapen for musikk med utdanning, men ei rein musikklinje var ikkje riktig for henne. Caroline starta nemleg der hausten 2019. Hybeltilværet i Nordfjord var derimot ingen idyll, og møtet med heile seks teoribøker i musikkfaga var ein nedtur. 

– Musikk skal være friheit, ikkje stress, synest Caroline.
Derfor heiv ho seg rundt og sjekka moglegheitene for å komme inn på studiespesialiserande andre stader allereie etter ei veke. Det var faktisk da ho oppdaga at dette tilbodet også fanst i Høyanger. 

 – Og så ringte dei frå Høyanger dagen etter, og dei ordna alt saman, minnest ho.

Opptur i Høyanger
Møtet med Høyanger blei ein opptur. Her kom ho rett inn i klassemiljøet i 1STA, og fekk nye venner. Ho møtte gode lærarar, og opplevde at ein skule som ikkje er så stor gjer at alle får god kontakt med alle – også mellom yrkesfaga og studiespesialiserande retning. 

– Eg kunne jo søkt meg til andre skular 2.- eller 3.-året, men det blir berre dumt å byte no. Eg kjem til å gå her alle tre åra, heilt klart, slår Caroline fast. 

Noko av grunnen til det er også den moglegheita ho har til å utvikle musikkinteressa si her i Høyanger. Dei som kjenner bygda, veit jo at det finst eit etablert musikkmiljø her, men det er kanskje ikkje så mange utanforståande som kjenner til det. 

Det er i alle fall få som er klar over at i lærarstaben til Høyanger vgs kan varte opp med eit heilt band av aktive musikarar med mykje erfaring. Lærarbandet ved skulen har lange tradisjonar. Men dei stiller ikkje opp til fellessamlingane på skulen for å vise kor flinke «gamlisane» er til å dra årgangshits. Nei, dei spelar saman med talentfulle elevar, både på instrument og vokal, og det er elevane som bestemmer repertoaret.
  
Måtte ta ekstranummer
Juleballet er eitt av dei årlege musikalske høgdepunkta. Elevar som til dømes Thea Augusta Gunnarskog, som går i 3. klasse studiespesialiserande, er allereie etablert som ei lovande songstjerne i bygda, og sjølvskriven på ein slik kveld. 

Skulle nykommaren frå Sande våge seg frampå? Caroline var usikker … 

Men klassekameratane hennar pusha på. Dei hadde jo høyrt henne på nokre videoklipp, og hadde skjønt at ho hadde talent. Og Caroline lét seg overtale: To songar blei øvd inn saman med lærarbandet. 

Då dagen kom, var ho derimot både nervøs og forkjølt, og fast bestemt på å framføre berre ein låt. 

Men så snart Caroline kom i gang, forsvann nervane, og ho levde seg inn i musikken, inn i den friheita og dei følelsane ho likar så godt. Elevane song med og byrja å danse. 
Slutt etter berre ein song? Ikkje snakk om – dei ropte på meir! Så ja, det blei eit «ekstranummer» i form av at ho også tok Sam Smith-låten ho hadde i bakhand. 

– Folk eg ikkje hadde snakka med før kom bort og sa at det var bra, det var veldig kjekt, minnest Caroline.

Kor mykje eller kor hardt Caroline Grepstad kjem til å satse på musikken finn ho truleg ut av i løpet av dei kommande i åra i Høyanger. Kanskje vil ho prøve seg i Idol eller liknande. 

Men det viktigaste for henne er å ha musikken som ein del av livet sitt – og det får ho ved Høyanger vidaregåande skule.

hvgs-kampanje-2020-innlinje1-720.jpg

Nykommaren frå Sande fann seg raskt til rette i 1STA. Og etter at kompisane fekk nyss i at Caroline var flink til å synge, har dei oppmuntra henne til å bli med i musikkmiljøet på skulen.

hvgs-kampanje-2020-innlinje2-400.jpg

Caroline Grepstad har sunge så lenge ho kan hugse. Spele kan ho også. Og så skriv ho dikt. Kven veit – kanskje kan ho blomstre vidare og finne ut at ho vil satse fullt og heilt på musikken i løpet av vgs-åra i Høyanger?