Høyanger vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Miljøkoordinator
Illustrasjon av mennesker i ulik farge som står i ring

Miljøkoordinator

Miljøkoordinatorar ved Høyanger vgs dette skuleåret er Vigdis (30%) og Alex (20%). Dei er og assistentar i ulike klassar ved skulen.

Vigdis Olsen og Alex Z. J. Ek er miljøkoordinatorar ved Høyanger vidaregåande skule, vi ønsker det beste for elevane og samfunnet generelt. Kom til oss med forslag og idear, tips eller ønsker.   Vi høyrer på alle! 

Miljøkoordinatoren har tre hovudarbeidsområde:

  • Førebyggjande arbeid - ta initiativ til og fremje tiltak som aukar trivsel og styrkar miljøet ved skulen- ha særleg søkelyset retta mot tiltak som motverkar mobbing, vald, rasisme og rusmiddelbruk
  • Kontaktskapande arbeid - skape best mogeleg kontakt mellom elevane og skulen - stimulere til aktiv deltaking i skulesamfunnet - stimulere til elevengasjement i opplæringa
  • Sosialpedagogisk arbeid - hjelpe elevar til å finne seg til rette på skulen - yte hjelp til elevar som har personlege vanskar, sosiale vanskar

Vigdis og Alex er å treffe i kantina i langfriminutta. Dei har no fått felle kontor mellom kantina og biblioteket.  Oppslag på døra kortid dei er å treffe!

Vigis lagar middag kar tysdag til alle elevar som bur på hybel.  Middagen kostar kr 50,-. og vert server kl. 16:00 på HS kjøkkenet.  Påmelding dagen før direkte til Vigdis eller via Facebook. Vigdis legg vekt på god, norsk tradisjonskost laga frå gunnen av.  Oppstart etter haustferien.

Alex arrangerer ein del e-sport kveldar på skulen.  Alex samarbeider med Høyanger kommune og arrangerer ein del alternative fritidsaktivitetar.  I år jobbar han med å få til open skule.

Miljøkoordinatorane er og,  i lag med andre tilsette og elevar, ansvarleg for å lage til påskefrukost og julefrukost. Dei bistår og elevrådet i arbeidet med å arrangere juleball.

Ein dag i månaden er det quiz i kantina i matfriminuttet, og i tillegg ønskjer dei at elevane bruker scena til musikalske innslag.

I starten på skuleåret arrangerer skulen ein informasjonskveld for alle nytilflytta elevar som bur på hybel.  Miljøkoordinatorane går rundt i klassane og informerar om dato og tek påmelding. 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Vigdis Olsen
Miljøkoordinator
vigdis.olsen@sfj.no
986 68 690

Alex Z. J. Ek
Miljøkoordinator
alex.ek@sfj.no
406 24 979

Relaterte lenker

Følg oss på Facebook

Dokument