Smilande ungdommar som hoppar opp i lufta med hendene i veret

Sindre Thoresen Lønnes

Middagtilbod til dei som bur på hybel

Kvar tysdag lagar milijøkoordinator, Vigdis Olsen, varm middag til dei elevane som bur på hybel

Høyanger vgs har dette skuleåret 25 elevar på hybel. Det har lenge vore eit ønskje både for skulen og elevane å ha eit middagstilbod ein gong i veke, rett etter skuleslutt.  Kvar tysdag kan elevane melde seg på og det blir lagt ut ein meny.  Elevane betalar kr 50,- og er Vigdis i godlune lagar ho også ein dessert eller ei kake.  Ho synes det er viktig at elevane kan samlast til eit felles varmt måltid på denne måten. Det kan fort bli litt lettvindte middagar på ein hybel.  Dette er hyggelegare, det er sosialt og ein vert kjend med medelvane sine.
Det er tredje gongen elevane får middag, og denne tysdagen var det lasagne med nybakte, grove rundstykker og salat attåt.  Dei andre gongane har det vore kjøttkaker og fårefrikase.  

Mellom 10-15 elevar nyttar seg av tilbodet som i første omgang skal halde fram til jul. Deretter vert det gjort ei vurdering om ein skal forsetje.  I følge elevane er dette eit tilbod dei ønskjer resten av skuleåret.  Vigdis har sett ei nedre grense på 5 elevar, men dersom interessa er som no, vert nok dette eit tilbod også etter jul, seier Vigdis.

Her er nokre bilete frå middagen tysdag 17.10.17

Middag for hybel           middag for hybel