Mobbeknapp

Meld i frå om mobbing

Alle dei vidaregåande skulane har fått ein eigen mobbeknapp på heimesida

Meldeknappen «Meld frå om mobbing»
Frå dette skuleåret innfører fylkeskommunen ein «mobbeknapp» på nettsidene til dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane.
Mobbeknappen lenkar til eit skjema der elevar, føresette og andre kan melde frå om ein elev som ikkje har det bra på skulen. Varselet vert sendt til rektor ved den aktuelle skulen. Rektor har plikt til å undersøke varselet og setje i gang tiltak.

Meldar registrerer kva skule eleven det gjeld går på, i tillegg til sitt eige namn og telefonnummer. Alle meldingar som kjem inn skal følgjast opp ved at skulen kontaktar meldaren direkte for å få meir informasjon om saka.  

Fylkesdirektøren for opplæring vil etablere og sikre gode rutinar for oppfølging av desse meldingane.

Det vil komme ei side under "Elev og føresett" på heimesida som informerar om ordninga og kva rettar elevar har til eit trygt og godt skulemiljø.

Les pressemeldinga frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune ang tiltaket mot mobbing

HU for opplæring i Høyanger 

Hovudutvalet for opplæring. Bilete er frå vekas møte på Høyanger vgs.