Gard Steiro

Gard Steiro

Media på timeplanen

Fredag 3, februar fekk 2STA og 3STA besøk av ansvarleg redaktør og administrerande direktør i VG, Gard Steiro.  Han ga elevar og lærarar eit unikt innblikk i korleis Noregs største mediahus fungerer, og kva som ligg bak nyheitene vi vert presentert for daglig. Med historiar, forklarande statistikk og eigne erfaringar ga Steiro eit levande bilete av, ikkje berre dei utfordringar mediabransjen står ovanfor, men også kva vi som nyheitskonsumentar bør tenkje på. Kunnskap og kompetanse, kildekritikk, fake-news og alternative facts var nokre av emna klassane var innom i den fire timars lange bolken med media på timeplanen. 

Tusen takk til Gard for strålade opplegg, og takk til elevane for gode spørsmål og innspel undervegs.

Gard Steiro2