Invitasjon til markering

Markering av Vestland fylkeskommune

Torsdag 9. januar var det fellesmarkering av overgangen frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til Vestland fylkeskommune.

Markeringa gjekk føre seg på Sandsli i Bergen, men vart direktesendt på storskjem i skulekantinta.  Vertar i Bergen var Arild Sondre Sekse og Maria Stavang. Sekse er tilsett i VLFK, men har tidlegare vore i NRK, medan Stavang er ein kjent bloggar.

Det vart vist musikkvideo laga av Hyssingen produksjonsskule, deretter fekk vi helsing frå fylkesordførar Jon Askeland og fylkesrådmann Rune Haugsdal. 
Stavang loste oss gjennom ein eigen Vestlandsquiz. Her deltok alle dei vidaregåande skulane.  Sjølv nådde vi ikkje heilt opp, men Årdal vgs vant, medan Eid vgs kom på tredje plass.  Begge små skular slik som oss!

Lokalt hadde vi besøk av fylkespolitikar Trude Brosvik.  Ho haldt ein liten tale før vi avlutta det heile med kake, brus og kaffi til alle elevar og tilsette.

Bilete frå dagen. Foto: Arvid Fimreite

Elevar i kantina

Markering Vestland

markering vestland

Markering Vestland

Markering Vestland