Undervisning

Undervisning med Lise Rørvik frå NAV

Kurs med NAV

Måndag og tysdag denne veka har vg2 og vg3 elevane på yrkesfag delteke på kurs saman med representantar frå det lokale NAV kontoret i Høyanger. Elevane har desse to dagene fått opplæring i å skrive ein god jobbsøknad og CV i samband med at dei no skal finne seg ein læreplass.  Dei har og fått informasjon om kor dei finn ledige stillingar.  Her er nokre bilete frå kurset.

Nav-1.gif

Nav-2.gif

Onsdag 24. januar kjem Elev- og lærlingombod Venke Nordeide og skal ha samtaler med dei same elevane om følgjande tema:

1. Oppmuntre elevane sjølve til å vere aktive med å skaffe seg læreplass.
2. Informere om rettar og plikter som lærling. 
3. Overgang frå å vere elev til å verte arbeidstakar.
4. Bevisstgjering på kva ein som elev og lærling kan gjere for å forebyggje/hindre mobbing.

1. februar kl. 18:00 er føresatte til vg2 elevane på yrkesfag invitert til eit møte på skulen der NAV vil orientere dei om m.a. dagens arbeidsmarknad. Skulen vil seie noko om karriererettleiing og VIGO, samt informere om kva skulen bidreg med i søknadsprosessen, og kor viktig det er at også dei føresette er delaktige i denne prosessen.