Logo

Krafttak mot kreft

Russen ved Høyanger vidaregåande skule følgjer tradisjonen vidare og drar i gang enda ein aksjon for Kreftforeinga. I år er det 9. gongen russen deltek.

Krafttak mot kreft er kreftforeininga sin årelege innsamlingsaksjon og foregår dei to første veken i mars kvart år.  I Høyanger er det russen som er bøssebærarar, og i år skal dei samle inn pengar til dei som slit med seinskadar etter ei kreftbehandling.  Kvart år får nærare 33.000 personar kreft i Noreg. Kreftbehandling reddar og forlenga livet, men behandlinga kan og medføre seinskadar. 

Russen startar innsamlinga med eit "kick-off" måndag 5. mars i langfriminuttet saman med ein representant frå kreftforeininga. Aksjonsleiar ved skulen, Kristina E. Ødegård ønskjer å samle både raudrussen og svartrussen, slik at alle deltek og veit kva dei samlar inn pengar til. Deretter vil dei gå med bøsser i Høyanger, Kyrkjebø og Vadheim. Er ein ikkje heime når russen kjem, kan ein gi ei gåve gjennom VIPPS på nummer 451009.  

I fjor klarte Høyangerrussen å samle inn heile 41.124,- kroner. Målet er å samle inn minst like mykje i år.

Ta vel i mot dei!

russen-18-m-bøsse.gif
Frå venstre: Karen, Viktoria, Tuva, Kristina og Lena

Artikkel i Ytre Sogn Avis