Vifte i fleire fargar

Krafttak mot kreft

Målet med årets aksjon er å gje kreftpasientar med ulækjeleg kreft flest mogleg leveår og best mogleg livskvalitet. Dette skal ein oppnå gjennom forskning og tilbod for pasientar og pårørande.

Svært mange lever i dag med ein kreftsjukdom dei ikkje vert friske av, ein ulækjelg kreft. I 2015 fekk fleire enn 32 500 personar i Noreg kreft. Takka vere forskning kan dei for fyrste gong seie at flerie enn 70 prosent overlever.

Russen ved Høyanger vgs. har vore med å samle inn pengar til krafttak mot kreft sidan 2009, og på den måten har dei vore ein viktig samarbeidspartnar for kreftforeningen i lag med andre skulelevar i landet.  

I år vil russen gjennomføre innsamlinga 14. mars. 

I 2016 samla russen inn kr 46.200,-.  Russepresident for raudrussen, Dagny Sæbø Nesse og aksjonssjef Simon Årdal oppmoder alle til å ta vel i mot bøssebærarane.  Dette er ei viktig sak, seier dei to ungdommane.