Høyanger vidaregåande skule
Logo

Logo

Krafttak mot kreft 2021

Høyangerrussen gjer ein forskjell. 

Sjølv om vi er inne i eit tid der alt er annleis har russen framleis ein jobb å gjere og pengar og bidra med.  Årets russekull vil også i år birdra i kampen mot kreft og har som mål å samle inn ein rekordsum under aksjonen "krafttak mot kreft".

I år går pengane til forskning på kreftformer som få overlever, og til gode omsorgstilbod for pasientar og pårørande.

Pga. korona kan ikkje russen gå med bøsser frå dør til dør, men ein kan gi via digital bøsse eller på vipps # 451009
Russen har og seldt muffins i skulekanttina der inntekta går til denne saka.

Renate D. Rørtveit (t.v.) og Eivor Ohnstad (t.h.) er raudrussen sine representantar i aksjonskomiteen, medan svartrussen er representert ved Catalina A. Farrias og Aurora B. Nokken.

To elevar med bøsse
Foto: Anne Lene Hansen Våge YSA

Vi ønskjer Høyangerrussen lukke til med innsamlinga.