Logo

Krafttak mot kreft 2021

I mars månad hadde Høyangerrussen ei digital innsamling til aksjonen krafttak mot kreft.

Russen samla inn heile 32.800,- kroner.  Det er dette diplomet frå Kreftforeiniga eit synleg bevis på, men russen gir seg ikkje der. For om få dagar er russeavisa til raudrussen klar for sal og overskotet går uavkorta til same sak.  Vi applauderer for innsatsen deira og ønsker dei ei flott russefering i ei spesiell tid.

På bilete: Russepresident Marius Varden Fossen og leiar for aksjonskomiteen Renate Dåvøy Rørtveit.

Krafttakdiplom[1]_400x730.jpg