Høyanger vidaregåande skule
Bilde av jordkloden

Foto: Pixabay.com

Klimaturneen kom til Høyanger vgs.

"Lyg vi for dei unge"

Forfattaren Sigbjørn Mostue og Svein Tveitdal, tidlegare direktrør ved FN sitt klimaprogram (UNEP) heldt føredrag på skulen der dei satt søkjelyste på dei unge sitt engasjement for klimaendringane.  Alle elevane ved Høyanger vgs. var samla i kantina denne tysdagen.  Her fekk dei høyre korleis vaksen kan vere gode rollemodellar når det gjeld klima og miljø. I tillegg diskuteret dei desse spørsmåla i lage med Anja Aga Ramstad frå fylkesbiblioteket;

  • Er born vaksne nok, eller skjermar vi dei for sanninga om korleis det står til på jordkloden? 
  • Kva gjer vi sjølve for å motverke utviklinga?
  • Det er dei unge som i størst grad må handtere verknadene av klimaendringane, og korleis skal vi bu dei på dette?

Heldigvis ser vi no eit auka engasjement frå den yngre generasjonen, og Mostue og Tveitedal kom inn på konkrete tiltak dei unge kan gjere for å få til endringar.

Det er Sogn og Fjordanes fylkesbibliotek som står bak av klimaturnèen. 
Høyanger vgs. takkar for besøket og håpar elevane fekk godt utbytte og god insperasjon til å gjere noko med klimautfordringane vi no står ovanfor.
I tillegg vart føredraget ein "kick-start" på det som skulen skal vere med på etter nyttår; nemleg klimamesterskapet!

Tips ein ven Skriv ut