Høyanger vidaregåande skule
Logo UE

Kick-off for ungdomsbedrifter

Fredag 3. september arrangerte Ungt Entreprenørskap Vestland ein kick-off på Høyanger vgs.

Alle yrkesfagklassane på vg1 og vg2 deltok på kick-offen i lag med e-helse Vestland, Intin, Barn i Fokus UB, Campus Førde Verftet samt Høyanger Næringsutvikling (HNU).

Bengt Edvardsen frå Campus Førde Verftet informerte Tip og Elektro om  kva dei kunne bruke prototypelaben i Førde til. Geir Henning Nore har vore med å starta Intin som er ein smarthusleverandør. Han har tidlegare vore lærar ved Mo og Øyrane vgs og fortalde om sin veg til å bli grunder og erfaringa si med å vera lærar for ungdomsbedrifter. Ulrikke Thomsen var med Helsefag via Zoom og snakka om sosialt entreprenørskap medan Anette Eri Norevik frå e-helse vest hadde e-helse og sosialt entreprenørskap på sin agenda.

Etter diverse føredrag, øvingar og gruppearbeid var det felles lunsj i kantina.  Etter lunsj fortsatte elevane med gruppearbeidet, og til slutt presenterte kvar klasse ein forretningsidé.

Ein fin og innhaldsrik fredag. Takk til Eivind og alle dei andre som var med. Vi gler oss til å følgje utviklinga til dei ulike bedriftene.  Lukke til!

Ein person held føredrag

Ein person held føredrag

Ein person held føredrag via teams

Elevar held ein  presentasjon

Elevar held ein presentasjon

Elevar held ein  presentasjon

Kva er ungt entreprenørskap?