Elevar orienterer

Mange var innom på karrieremessa til Høyanger vgs

Karrieremessa vart arrangert onsdag 15. januar

Skulen hadde invitert lokale bedrifter, skular og opplæringskontor til å delta på karrieremessa, som vert arrangert annan kvart år.  Heile 32 stand var rigga opp på skulen denne dagen.

Formålet med dagen var å gje elevane våre og elevar frå 9. og 10. klasse, og deira føresette, hjelp i karriereplanlegging og yrkesval.  Samtidig som dei fekk møte ulike verksemder for å få informasjon om kva jobbmoglegheiter Høyanger og nærområdet kan tilby dei etter ei fullført utdanning.   Det var og lagt opp til at ungdomsskuleelevane skulle få sjå skulen i drift.  Difor var det vanleg undervisning i klasseromma og på verkstadane.  Alle elevane hadde førebudd seg ved å lage spørsmål og henta inn innformasjon om verksemdene som deltok på messa.
Frå fagskulen og høgskulen kunne dei m.a. få informasjon om studietilbod og inntakspoeng.

Skulen inviterte og til foreldremøte for 10. klassingane.  Her deltok elevar frå Høyanger; Lavik og Bjordal skule.  Det var elevane sjølv, frå dei ulike programområda, som orienterte om korleis det er å vere elev ved Høyanger vgs.

Høyanger vidaregåande skule vil nytta høve til å takke alle om deltok på messa.  

Her er nokre bilete frå dagen;

Elevar testar simulator

Folk besøker stand på karriermessa

Stands på karrieremessa

Stands på karrieremesse

2 elevar besøker HOA

Elevar på TIP

Elevar på elektro

Elevar i klasserom

Elevar og føresette i auditoriet

Ytre Sogn Avis hadde og stand på skulen denne dagen. Les og sjå deira bilete frå karrieremessa.