Kantina ved Hvgs

Skulekantina

Kantina er samlingsstaden for elevane våre. Den har ope alle skuledagar mellom 08:00 - 13:00.

Høyanger vgs overtok drifta av kantina etter Sogneprodukt 01.04.2020 og Magnar Fjetland er no tilsett i Vestland Fylkeskommune.  Kantinedrifta blir mykje som før, men med meir heimebaka brødprodukt.
Pga covid 19 og gult nivå har kvar klasse eigne bord kor dei skal sitte.  Desse er merka med klassenamn.  Det vert og sett opp tider for kor tid elevane kan handle.  Dette for å unngå kødanning.  Dette kjem på TEAMS.

Kundar utanfor skulen må bestille mat på førehand. 

  • Påsmurt med ulikt pålegg
  • Tineprodukt
  • Frukt
  • Salatbar (stengt inn til vidare pga korona)
  • Varmrettar (oppstart til hausten)
  • Iskrem (sommarmnd)

Varmmatmenyen vert lagt ut på informasjonskjermane.

Kantina er stengd på møtefredagar

Dersom ein ønskjer å oppretthalde kantina er det viktig å bruke den og ikkje reise på butikken og handle i frimninutta. Elevar og tilsette må gjerne kome med innspel om det er noko dei ønskjer kantina skal lage/selge. Ta kontakt med Magnar i kantina eller gå via elevrådet

Vi ønsker at alle skal bidra til ei triveleg og ryddig kantine.  Det er difor utarbeid nokre kantinereglar.  

Kantinereglar

Kontakt

Magnar Johan Fjetland
Kantineansvarleg
magnar.johan.fjetland@vlfk.no
57 63 78 04 / 917 16 121