Høyanger vidaregåande skule/Om oss/Om skulen/Kantine
Kantina ved Hvgs

Skulekantina

Kantina er samlingsstaden for elevane våre. Den har ope alle skuledagar mellom 08:30 - 14:15.

Sjølv om det pr i dag er grønt nivå ved skulen vår ønsker vi at elevane sit klassevis i kantina.  Borda er merka med klassenamn.  Hugs å halde avstand i køen og ha god handhygiene.  Du finn dispensar med antibac i kantineområdet.

Magnar tilbyr:

  • Påsmurt med ulikt pålegg
  • Tineprodukt
  • Frukt
  • Salatbar 
  • Varmrettar ca. 2 gonger pr veke.  
  • Iskrem (sommarmnd)
  • Hybelmiddag kvar onsdag. Må vere minimum 5 personar.  Påmelding dagen før. Meir info ang oppstart vert annonsert i veke 33

Varmmatmenyen vert lagt ut på informasjonskjermane og på TEAMS

Kantina er stort sett stengd på møtefredagar, men kan ha eit lite utval desse fredagane. Sjå melding på TEAMS

Kundar utanfor skulen må bestille mat på førehand. 

Dersom ein ønskjer å oppretthalde kantina er det viktig å bruke den og ikkje reise på butikken og handle i frimninutta. Elevar og tilsette må gjerne kome med innspel om det er noko dei ønskjer kantina skal lage/selge. Ta kontakt med Magnar i kantina eller gå via elevrådet

Vi ønsker at alle skal bidra til ei triveleg og ryddig kantine.  Det er difor utarbeid nokre kantinereglar.  

Kantinereglar
 

Gratis skulefrukost
Vi tilbyr no gratis skulefrukost i kantina kvar tysdag og torsdag mellom kl. 08-08:30. 
Det vert servert havregraut kvar tysdag, mendan det vert brødskiver og eit godt utval av pålegg kvar torsdag. Du får juice og melk begge dagar.

Kontakt

Magnar Johan Fjetland
Kantineansvarleg
magnar.johan.fjetland@vlfk.no
57 63 78 04 / 917 16 121