Frukost i kantina

Julefrukost

Den tradisjonelle frukosten vart servert i skulekantina torsdag 7. desember

Vel 300 tilsette og elevar frå Høyanger vidaregåande skule, Høyanger norsksenter og 10. klasse ved Høyanger skule var invitert til å delta på den årlege julefrukosten.  Juletre og dempa belysning inne og julelys ute var med på skape julestemning i kantina denne torsdagen.  Frukosten starta kl. 07:30 og var tilgjengeleg fram til kl. 09.  Miljøkoordinator Vigdis foretok trekning av elevane sin julekalender og trakk 4 luker denne morgonen.  Vi avslutta frukosten med allsang.  Rektor Torill takka dei som hadde stelt i stand frukosten og håpa at alle hadde hatt ei fin førjulstund.

Her er nokre bilete frå julefrukosten. Fotograf er Alex Ek

Frukost 2  Frukost 4

Frukost 3  Frukost 5