Høyanger vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Teknikk og industriell produksjon
Rikke Cecile Larsen

Rikke Cecile Larsen

Jenter + industri = sjølvsagt i Høyanger

Rikke Cecile Larsen (18) seier ho ikkje hadde «tatt i verktøy» før ho begynte på Høyanger vidaregåande skule. No siktar ho mot to fagbrev innan mekaniske fag – og kanskje også ingeniørutdanning.

– Dette kan eg tenke meg! Det hugsar eg slo meg allereie då eg var utplassert hjå Hydro medan eg gjekk på ungdomsskulen.

Derfor valde ho Teknikk og industriell produksjon då ho hospiterte ved Høyanger vidaregåande skule, og enda med å sette det som førsteval då ho skulle søke plass.

Nei, det er verken spesielt oppsiktsvekkjande eller uvanleg, i alle fall ikkje i Høyanger. Moderne industriarbeid er både veleigna og interessant for damer, og ved Høyanger vgs er jentene blitt eit sjølvsagt innslag i TIP-klassane: I klassen til Rikke gjekk det til dømes fire jenter.

Behandla som vaksne

Men Rikke Cecilie Larsen minnest at ho grua seg litt før ho skulle begynne med mekaniske fag på vidaregåande. Ho hadde jo «aldri tatt i eit verktøy»!

– Men i første klasse tek dei jo alt frå grunnen av, uansett. Eg fann meg raskt til rette, fortel Rikke Cecilie.

Ho hugsar at TIP-klassen blei som ein familie, og at lærarane møtte elevane på ein heilt anna måte ein det ho var vant med frå grunnskulen.

– Det har kanskje noko med at vi er så mykje ute i verkstaden, ikkje berre bak pultar og kateter. Lærarane blei meir som kompisar, og behandla oss som vaksne, seier Rikke Cecilie.

God støtte vidare

Ho fortel også at faglærarane på TIP ved Høyanger vidaregåande skule var flinke til å sjå styrkane til kvar einskild elev, og dermed gi dei god hjelp til å velje riktig læreplass:

– Dei ser kva du passar til, og kjem med innspel, forklarar Rikke Cecilie.

Dette arbeidet legg grunnlaget for at så godt som alle elevane frå Høyanger vidaregåande skule som ynskjer det får læreplass.

– Yrkesutdanninga er jo på ingen måte ferdig etter dei to åra hjå oss. Perioden som lærling er svært viktig, både for den einskilde eleven/lærlingen, og for næringslivet. Derfor legg vi ned mykje innsats i å hjelpe elevane til å velje riktig, seier Ståle Walsvik, avdelingsleiar for yrkesfag ved Høyanger vidaregåande skule.

Gleda av å lære

Rikke Cecilie Larsen har verkeleg oppdaga gleda av å lære etter at ho byrja som lærling hjå Hydro i Høyanger:

– Vi lærer litt teori først, så får eg prøve meg fram i praksis, før eg kan gå vidare med utdjupande teori, til dømes læreresursar på nett. Dette fungerer veldig bra for meg, og er ein spanande måte å lære på.

No siktar ho mot fagbrev i produksjonsteknikk, men ser ikkje bort ifrå at ho også kan komme til å ta fagbrev som industrimekanikar. Og med det utgangspunktet er det også mogleg å ta sikte på ei ingeniørutdanning.

– Yrkesvegen har vore heilt riktig for meg. Det trur eg han vil være for mange andre jenter også, avsluttar Rikke Cecilie Larsen.