Høyanger vidaregåande skule/Om oss/Prosjekt og satsingar/Internasjonalisering
Erasmus + logo

Erasmus+ 2019

Internasjonalisering ved Høyanger vidaregåande skule står støtt og har ein sentral plass i skulelivet.

I år har skulen fått Erasmus-midlar til eit nytt samarbeidsprosjekt: "Internasjonal opplæring for elevar og lærlingar". Prosjektet vert koordinert av opplæringsavdeling på fylket.

Denne gongen er det frisørklassen på vg2 som skal få knytte band med ein skule i Danmark. Skule heiter EUC-SYD og ligg i byen Aabenraa heilt sør Danmark, ikkje så langt frå grensa til Tyskland.  Dei fem frisørelevane skal vere i Danmark frå 26. mai til 8. juni.  

Det er første gongen ein frisørklasse frå Høyanger vgs. deltek i eit internasjonalt prosjekt.

Elevane skal lære meir om miljøvenlege frisørprodukt. Danskane er komen mykje lenger enn Noreg på dette feltet.  Dei brukar såkalla grøne produkt og så innan make-up.

Dei danske elevane skal delta på Nordic Hair Award og held på å førebu konkurransefrisyrer.  Elevane våre skal følge dei danske elevane og det vert ein intern konkurranse.

Det er sett av tid til frisørsalongbesøk og ein skal til Tyskland får å studere tyske trendar innan frisyrar og mote.

EUC-SYD

Nordic Hair Award

 

Tidlegare prosjekt:

Skulen har i perioden 2015 og 2018 hatt eit samarbeid gjennom EU programmet Erasmus+.  Vi har saman med åtte andre vidaregåande skular i Europa utveksla kunnskap og erfaringar, og vi har besøkt fem deltakarland.

Prosjektet har hatt fokus på innovasjon, entreprenørskap og overgangen frå utdanning til arbeidsliv. 

I løpet av dette skuleåret vil vi starte prosessen med å få i gang eit nytt prosjekt, med nye samarbeidsskular og nye emne for framtidige skuleår.

rubic_2015_18_200.jpg

Sjekk ut meir om prosjekt: www.smallcities.eu

#stiesip

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Erlend Skreien
Internasjonal koordinator
erlend.skreien@sfj.no
+47 922 02 045

Relaterte lenker