Svart logo på kvit bakgrunn

Info frå Lånekassen

Elevar med ungdomsrett kan søkje om stipend frå Lånekassen dersom dei har fått skuleplass og takka ja til denne.

Utstyrsstipend til alle: bustipend og grunnstipend ved behov  
 
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, som skal gå til utstyr elevane treng i opplæringa. Elevane får 1051 kroner, 2326 kroner eller 3887 kroner i utstyrsstipend for skoleåret 2019-2020, avhengig av kva utdanningsprogram dei tek. 
Elevar kan også ha rett til bustipend på inntil 4517 kroner i månaden dersom dei må bu borte frå foreldra sine.  
Elevar frå familiar med svak økonomi kan ha rett til grunnstipend opptil 3282 kroner i månaden. Dersom eleven ønskjer å søkje om grunnstipend, må ho krysse av for dette i søknaden.  
 
Foreldre må signere for stipend til elevar under 18 år 
 
For at foreldre skal kunne få svar på søknaden om stipend digitalt og signere avtalen raskare, bør dei opprette ei digital postkasse før eleven søkjer om stipend. 
Dei kan velje mellom Digipost eller e-Boks på Norge.no. 
 
De finn meir informasjon om stipend og lån til elevar på lanekasssen.no
 
 
Tips ein ven Skriv ut