Høyanger vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Studiespesialisering
Miriam Isabella Meel Skår

Miriam Isabella Meel Skår

I Høyanger kan vg1-elevane satse på idrett i skuletida!

I eit heilt nytt fag på studiespesialiserande retning ved Høyanger vgs kan ho trene i skuletida, og gjere heimearbeidet saman med damelaget til IL Høyang. Klassekameraten Nikolas satsar på å få betre karaktersnitt med å ha breiddeidrett.

 

 – Det var viktig for meg å kunne være saman med vennene mine, også når eg skulle byrje på vidaregåande, samtidig som eg satsar vidare på fotballen, fortel Miriam Isabella Meel Skår, som gjekk første året studiespesialisering ved Høyanger vidaregåande skule i 2019/20.

Å flytte for å ta idrettsfag passar nemleg ikkje for alle. Det kan handle om ambisjonsnivå, men også om at det er litt vel tidleg for mange, både med hybeltilvære og å ofre seg 100% for ein idrett.

Hausten 2019 starta Høyanger vidaregåande skule opp det nye faget breiddeidrett. Her får 16-åringane eit ekstra år med nettopp ei brei idrettsfagleg tilnærming, samtidig som dei blir meir systematiske innan egen idrett. Ein del av faget er nemleg å skrive treningslogg når dei driv eigentrening i sin hovudidrett.

 
Fakta om faget breiddeidrett: 
  • Eit nytt programfag ved Høyanger vidaregåande skule i samarbeid med IL Høyang, etter nasjonal læreplan.
  • Fem timar undervisning per veke: To timar på skulen, og tre med trenar i idrettslaget.
  • Dokumentert eigentrening skal loggførast og godkjennast av trenar
  • Elevane driv eigentrening innan sin idrett, medan skuletimane blir brukt til breiddeidrett
  • Gir elevane moglegheit til å ta eit femtimarsfag mindre på vg2 eller vg3