Hospitering

Hospitering

Måndag 12. mars kjem nær 60 9. klassingar frå Høyanger og Hyllestad kommune for å hospiterer ein skuledag på Høyanger vidaregåande skule

Ved å komme på hospitering får ein som elev prøve ein heil skuledag på Høyanger vgs. Dei får treffe lærarar, elevar, sjå fasilitetane og ikkje minst - kjenne på skulemiljøet.

I tillegg får dei moglegheit til å bli betre kjend med dei ulike studieretningane som er ved skulen. Bakgrunn er at elevane skal vite meir om det dei vel når dei i 10. klasse skal søkje skuleplass.  Ungdomsskulane skal jobbe med karriererettleiing og ha fokus på overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande opplæring. Arbeidet dei gjer er ein viktig del av det fylkeskommunen gjer for å betre gjennomføringa og hindre fråfall.  Elevane førebur seg i forkant av hospiteringa og får kome att å hospitere ved skulen til hausten når dei er byrja i 10. klasse.

Vi håpar at elevane får ein fin dag ved Høyanger vgs.

Ta vel i mot dei.