Høyanger vidaregåande skule
Sølve Andre og Ola

Høyanger vgs tok gull!!

Det vart fyrstpelass i skule-NM i elektrofag for Sølve Andrè Dale og Ola Hille

Torsdag 11. april vann dei to Høyanger-elevane NM i elektrofag som vart arrangert på Glemmen vgs i Sarpsborg.  Begge to har jobba målretta mot meisterskapet sidan dei vann fylksemeisterskapstittelen på Eid tidlegare i år.

I kokurransen måtte dei planlegge, gjennomføre og dokumentere ein mindre elektrisk installasjon. Dei måtte og utføre konkurransen som eit lag.  Arbeidet deira vart til slutt vurdert etter el.tryggleik dvs korleis dei utførte arbeidet på ein trygg måte. Dommarane såg på den faglege utføringa av det elektriske arbeidet, gjennomføringa og organiseringa av jobben inkl. HMS og til slutt dokumentasjon for ferdig anlegg med sluttkontroll.

Gratulerer til begge to.  Vi må nytte høve å gratulere Sera Solheim for flott innsats i frisørfaget. Det var fyste gongen skulen deltok i skule-NM i dette faget.

 

Deltakarar FM

Ytre Sogn Avis sitt interjuv med dei nybakte noregsmeistrane

 

Tips ein ven Skriv ut