Høyanger vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Studiespesialisering
Miriam Isabella Meel Skår har opplevd at den faglege tilnærminga til idrett gjer at ho tek treningsarbeidet meir seriøst.

Miriam Isabella Meel Skår har opplevd at den faglege tilnærminga til idrett gjer at ho tek treningsarbeidet meir seriøst.

Her gjer Miriam (16) seg klar til lekseøkta

I eit heilt nytt fag på studiespesialiserande retning ved Høyanger vgs kan ho trene i skuletida, og gjere heimearbeidet saman med damelaget til IL Høyang. Klassekameraten Nikolas satsar på å få betre karaktersnitt med å ha breiddeidrett.

– Det var viktig for meg å kunne være saman med vennene mine, også når eg skulle byrje på vidaregåande, samtidig som eg satsar vidare på fotballen, fortel Miriam Isabella Meel Skår, som går første året studiespesialisering ved Høyanger vidaregåande skule. 
 
Å flytte for å ta idrettsfag passar nemleg ikkje for alle. Det kan handle om ambisjonsnivå, men også om at det er litt vel tidleg for mange, både med hybeltilvære og å ofre seg 100% for ein idrett. 
 
Det nye faget breiddeidrett ved Høyanger vidaregåande skule legg til rette for at 16-åringane får ei brei idrettsfagleg tilnærming, samtidig som dei blir meir systematiske innan egen idrett. Ein del av faget er nemleg å skrive treningslogg når dei driv eigentrening i sin hovudidrett.  
 
Tek treninga meir seriøst
– Eg tek treninga meir seriøst når eg må føre logg, det merkar eg. Eg vil ikkje tulle, liksom, eg vil jo gjere det skikkeleg, seier Miriam.
 
Ho har ikkje bestemt seg for om ho vil ta eitt 5-timarsfag mindre på Vg2 eller Vg3, slik ho kan når ho har breiddeidrett første året, men ho ser uansett ein stor fordel med å kunne ta dette faget på Vg1: 
 
– Eg trenar uansett mykje, og timane med breiddeidrett gir også eit betre utgangspunkt for å satse på fotballen. 
Skuleåret 2019/20 tel faggruppa i breiddeidrett 14 elevar, og nøyaktig halvparten er jenter. Heile seks av jentene har fotball som sin idrett, noko som også er eit godt utgangspunkt for IL Høyang: Til den komande sesongen kan dei igjen stille med fullt damelag i 4. divisjon. 
 
Betre karaktersnitt? 
Nikolas Gudvangen Trollebø (16) er ein av fire fotballspelande gutar som tek breiddeidrett dette skuleåret. Også for hans del handlar det om moglegheita til å kunne bu i Høyanger, samtidig med at han kan utforske kor langt han kan komme i si fotballkarriere. 
 
– Skulemiljøet i Høyanger er veldig bra, det ville eg ikkje gje slepp på, i alle fall ikkje før eg må, seier han. 
Den ambisiøse fotballspelaren har nemleg trena med A-laget til IL Høyang i tre år allereie, og dei to siste åra også spela kampar på seniornivå i 4. divisjon. Om han skal vidare oppover innan fotballen, går vegen truleg via Sogndal. 
 
I år har det uansett vore ein stor fordel for han å kunne ta faget breiddeidrett ved Høyanger vidaregåande skule. Av fordelane han har opplevd, trekker han fram meir variert aktivitet, og at han har fått betre basisferdigheiter som styrke og spenst. 
 
– Og så reknar eg faktisk med å få eit betre snitt når idrett blir ein av karakterane på vitnemålet, avsluttar Nikolas.
 
hvgs-kampanje-2020-Nikolas-720-utekst.jpg
Nikolas Gudvangen Trollebø reknar med å få eit betre karaktersnitt frå vidaregåande med breiddeidrett som eitt av faga.
 
Fakta om faget breiddeidrett: 
  • Eit nytt programfag ved Høyanger vidaregåande skule i samarbeid med IL Høyang, etter nasjonal læreplan.
  • Fem timar undervisning per veke: To timar på skulen, og tre med trenar i idrettslaget.
  • Dokumentert eigentrening skal loggførast og godkjennast av trenar
  • Elevane driv eigentrening innan sin idrett, medan skuletimane blir brukt til breiddeidrett
  • Gir elevane moglegheit til å ta eit femtimarsfag mindre på Vg2 eller Vg3