Høyanger vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Helse og oppvekst
Bilde av elev ved Høyanger vgs

Catalina Farias

Helsefag i Høyanger: – Overraskande bra!

Catalina Farias (17) var usikker på om ho kom til å trivast på den nye helsefagutdanninga ved Høyanger vidaregåande skule, samen med vaksne elevar. No på Vg2 likar ho det så godt at ho ikkje skjønnar kvifor ikkje fleire vel denne retninga.

– Det er jo ein blanda klasse, med både ungdom og vaksne elevar. Eg var litt spent på korleis det ville bli. Men det er jo heilt topp! Eg har fått god kontakt med alle i klassen, og kan gjerne stille som barnevakt for nokre av dei vaksne klassekameratane mine, fortel Catalina.

Vg1 Helse- og oppvekstfag i Høyanger er nemleg ein klasse der 8 av plassane er reservert søkjarar med ungdomsrett. 7 av plassane er sett av til elevar med vaksenrett.

– At vi kan gi eit tilbod om opplæring både til ungdom og vaksne som ynskjer denne yrkeskompetansen, er svært viktig – både for dei det gjeld, og for rekrutteringa i helsevesenet, seier Torill Thorbjørsen, rektor ved Høyanger vidaregåande skule.

Det første kullet
Catalina byrja på Vg1 Helse- og oppvekstfag hausten 2019, då den første klassen etter den nye modellen blei starta. No går ho på Vg2 Helsearbeidarfag i Høyanger.

Den sprudlande 17-åringen pratar livleg i veg når ho ser tilbake på tida ho har vore elev ved helsefagutdanninga ved Høyanger vidaregåande skule, og er truleg sjølv ein grunn til at klassemiljøet i 2HFA er blitt så bra. Ho trekker også fram at tonen med lærarane er god, og noko heilt anna enn på ungdomsskulen.

– Vi er ein livleg, men samtidig seriøs gjeng. Lærarane behandlar alle som vaksne. Og det fungerer, for dei treng ikkje å bruke kjeft eller å kommandere, seier ho.