Program for karrieremessa 2018

Godt besøk på karrieremessa 2018

Onsdag 17. januar arrangerte Høyanger vidaregåande skule karriermesse med tema; "Utdanning og arbeid".  Over 30 lokale og nærliggande bedrifter deltok, og fekk vise elevar og føresette kva jobbmuligheiter dei kan tilby etter ei endt utdanning. I tillegg var opplæringskontora til stades, og elevar som har planar om vidare utdanning kunne få rettleiing og tips av m.a. Høgskulen på Vestlandet og Fagskulen i Sogn og Fjordane.  

Messa var open for alle, men fleirtal var 9. og 10. klassingar frå Høyanger kommune og Balestrand samt våre eigne elevar som no skal søkje lærlingplass eller studieplass til hausten.
Elevane stilte godt førebudd og dei ulike utdanningsinstitusjonane og opplæringskontora måtte svare på spørsmå om m.a. studietilbod, inntaktspoeng og lærlingeordningar.  Vi håpar at elevar og føresette er vorten litt klokare og fått god rettleiing i forhold til vala dei no skal gjere.

Ekstra spanande for mange var å teste ut dei ulike simulatorane. Ein kunne og lage annonse for lokalavisa og på Høyanger kommune sin stand fekke ein få måle blodtrykk og blodsukker.  
Mange bedrifter hadde eigne konkurransar med flotte premiar.

Her er nokre bilete fra messa

Test simulator

Test lakk

Logistikk

Pro

Fagskulen

Høgskulen

Publikum

Publikum

Publikum