Oversiktsbilete av skule, idrettsanlegg og Høyangerbadet

Oversiktsbilete av skule, idrettsanlegg og Høyangerbadet

Fyrste skuledag

Elevane har sin første skuledag måndag 21. august.  
Frammøte i kantina kl. 10:00

I kantina vert eleven teken i mot av rektor som ønskjer velkomen til eit nytt skuleår.  Det vert og gitt anna nytting informasjon her.

Deretter går ein klassevis saman med kontaktlærar til klasseromma.

Fyrste dagen vil eleven m.a. få utdelt skulebøker, og nye elevar får muligheit til å bli kjend med skulen, skulestaden og kvarandre.

Tidsplan for utlevering av skulebøker

I løpet av den første veka vert det også arrangert ein aktivitetsdag (halv skuledag).
 

Alle tilsette ønskjer elevar velkomen til eit nytt skuleår ved Høyanger vgs.  Vi håpar at de får ei fin tid ved skulen vår.

Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med kontoret på tlf 57637800.

 

Med helsing

Høyanger vgs