Oversiktsbilete av skule, idrettsanlegg og Høyangerbadet

Oversiktsbilete av skule, idrettsanlegg og Høyangerbadet

Fyrste skuledag og frammøte for elevane

Måndag 16. august er fyste skuledag ved Høyanger vgs.

Alle elever møter i kantina kl. 08:30.

Rektor ønsker elevane velkomen, før dei møter kontaktlærar og går til klasseromma.

Håpar alle er klare for eit eit nytt og spanande skuleår.
 

Pr i dag er det grønt nivå på skulen vår, men vi startar likevel opp med å ha klassevise bord i kantina.  Kantina er open denne dagen, men med litt begrensa utval. Full drift frå og med tysdag 17. august. Hugs å halde avstand og ha god handhygiene.  Det er dispensarar med antibac ved kvar inngang og i sjølve kantina.
 

Skulefrukost
Skulen tilbyr gratis skulefrukost i kantina kvar tysdag og torsdag mellom kl. 08-08:30.  Oppstart torsdag 19. august med brødmat, medan det vert havregraut på tysdagar.

Håpar så mange som mogleg vil benytte seg av tilbodet. Vi lovar at det gir dykk ein ekstra god start på skuledagen!

Velkomen!

Helsing Torill, rektor