Foto: May Britt Eide

Foto: May Britt Eide

Fylkesmeisterskapet i yrkesfag

Høyanger vgs stiller med fire elevar i fylkesmeisterskapet i yrkesfag som vert arrangert på Mo og Øyrane vgs i Førde den 16. februar.  Medelevane reiser med som heiagjeng

Det skal konkurrerast i vel 18 ulike fag og konkurransen er open for publikum. Dette er eit godt høve til å sjå yrkesfag i praksis.
Alle deltakarane har fått utlevet oppgåvene på førehand og har difor fått god tid til å førebu seg.

Desse elevane deltek frå Høyanger vgs:

Rene Vamråk 2ELA Elektrofaget
Isak Bøyum 2ELA Elektrofaget
Ørjan Sværen 2ITA Industriteknologifaget
Adrian Skår 2ITA Industriteknologifaget


Program for dagen

Kl. 09.00 – Opning i kantina
Kl. 09.30 – Konkurransane startar – gjennomgang av maskiner og utstyr på alle stasjonar
Kl. 13.30 – Konkurransane sluttar
Kl. 14.00 – Premieutdeling i kantina

Vi ønskjer alle deltakarane lukke til i meisterskapet.