Benjamin og Lina 2ELA

Foto: Espen Bakketun

Fylkesmeisterskapen i yrkesfag

Høyanger vgs. deltek med to elevar i Fylkesmeisterskapen i yrkesfag som vert arrangert i Sogndal onsdag 14. februar.

I år er det Lina D. Haugsbø og Benjamin Wolff som skal representere Høyanger vgs. Dei to elevane går vg2 og skal konkurrere i elektrikarfaget.  Johnny Gangeskar som er faglærar og avdelingsleiar for YF, Ståle Walsvik, skal også vere med til Sogndal.

Det er Sogndal vgs som er vertsskule for Fylkesmeisterskapen i år, som er ein yrkesfagleg konkurranse i regi av Worldskills Norway og Sogn og Fjordane fylkeskommune. 133 deltakarar konkurrerer i 20 ulike yrkesfag der ein del av vinnarane vil gå vidare til Skole-NM 2018 som vert arrangert i april månad.

Konkurransane er opne for publikum. Elevar frå Sogndal vgs vil vere guidar på skulen og fortelje om dei ulike faga. 

Program for dagen:

09:30  Opning i kantina
10:00  Konkurransestart
14:00  Konkurransane avsluttast
14:20  Premieutdeling i kantina

Meir utfyllande informasjon finn du her

Vi ønskjer Lina og Benjamin lukke til på onsdag.

Les ein utfyllande reportasje om dei to deltakarane i Ytre Sogn Avis

Ytre Sogn Avis sin portal