Logo friør

Full rulle på frisørlinja

Torsdag 8. februar hospiterte 9 elevar frå Eid vidaregåande skule på frisørlinja i Høyanger. Dette er elevar som går på vg1 design og handverk og som vurdera å søkje vg2 frisør neste skuleår. Det er 3. gong Høyanger vidaregåande skule legg til rette for ei slik hospitering.

I veke 4 var lærar Kristin V. Sande på Eid vgs, saman med nokre av frisørelevane, for å promotere frisørlinja og for å invitere dei til å komme til Høyanger for å sjå korleis dei har det salongen. Frisørlinja har plass til 12 elevar, og det er viktig å ha godt søkjartal for å oppretthalde linja.  Det er inga hemmlegheit at frisørlærlingar frå Høyanger er ettertrakta. Det er noko vi er stolte av, seier Kristin. Både ho og kollega Ingunn har sjølv vore elevar ved skulen.  

Hospitantane fekk omvising og servert god lunsj. På salongen fekk dei mellom anna arbeide med hovudbotnmassasje, fletting, oppsetting av hår og make-up.  Elevane våre rettleia dei på beste måte.

Vi håpar at elevane frå Eid vidaregåande skule hadde ein fin dag i Høyanger og at vi ser dei att til hausten.