Paragrafteikn liggande

Paragrafteikn liggande

Fråværsreglementet - går vekk frå lokale reglar

Opplæringsutvalet i Sogn og Fjordane har no bestemt at elevane her i fylket må rette seg etter det nasjonale fråværsreglementet i vidaregåande skule. Regelverket vart endra dette skuleåret, og elevar kan ha maksimalt ti prosent fråvær i kvart fag. Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane ynskte at køyreopplæring skulle telje som gyldig fråvær, men fekk kritikk for dette. No må elevane rette seg etter dei nasjonale føringane.