Høyanger

Frå utdanning til jobb

Kvart år arrangerer skulen i lag med NAV eit jobbsøkjarkurs for alle vg2 elevar på yrkesfag.  

Kurset er delt inn i to delar.  Del 1 starta med eit foreldremøte 26. januar. Her fekk dei føresette informasjon om kva skulen og NAV kan bida med i elevane sin prosess med å søkje læreplass. Det er og viktig at føresette deltek i denne prosessen. På møte fekk både dei og elevane gode råd og tips, og det var lagt opp til klassevise møter med kontaktlærane om søknadsprosessen og om korleis yrkesfagleg fordjuping vert brukt i samanheng med denne. 

NAV var informerte om følgjande;

  • Dagens arbeidsmarknad
  • Tal lærerplassar i vår bu- og arbeidsområde
  • Kor finn ein ledige læreplassar
  • Bør ein søkje utanfor eigen kommune eller fylke
  • Kva skal vere med i ein god søknad

Skulen orientert om følgjande:

  • Karriererettleiing
  • Kva er VIGO og kvifor er det viktig å søkje her
  • Kva gjer skulen for å hjelpe elevane i søknadsprosessen
  • Korleis følgjer skulen opp elevane utover våren
  • Kva kan fylkeskommunen tilby elevar som ikkje får læreplass
  • Korleis vert elevane utan læreplass følgde opp til hausten

Del 2 av kurset vart arrangert i veke fem kor kvar klasse fekk nytte ein halv skuledag i lag med NAV. Dette kurset er meir praktisk, dvs at elevane skal lære å skrive søknadar og CV. 
I år var det Marit Tonning og Lise Rørvik som var rettleiarar i lag med ein praktikant. NAV var veldig nøgd med elevane sin innsats og synes dei viste god interesse.  Dei klarte seg og godt under intervjutreninga som er ein del av kurset.  No kryssar både skulen og NAV fingrane for at elevane våre kjem seg greitt vidare med tanke på å finne læreplass.

Her er nokre bilete frå to av dei tre kursa;

Kurs 2FRA

Kurs Lise Rørvik, NAV

Kurs 2ELA