Plastbestikk

Plastbestikk

Forbod mot eingongsplast

Frå 3.juli 2021 blir det i Norge forbode å omsetje ei rekke eingongsprodukt i plast.

Dette gjeld mellom anna bestikk, tallerken, sugerøyr, eingongspinnar, rørepinnar, ballongpinnar og bomullspinnar. Dette gjeld også produkt som take-away matbehaldarar og drikkebeger laga av isopor. Forbodet er tatt inn i produktforskrifta og er i samsvar med forboda i EU sitt plastdirektiv.  

For Vestland fylkeskommune betyr dette at vi frå og med 3.juli ikkje kan kjøpe eingongsplast som nemnt over. 

For skulen betyr dette at vi ikkje lenger kan kjøpe inn eingongsberger til salatbaren eller plastbestikk. På bakgrunn av dette vil skulen estatte beger med salatbollar i glas og bestille bestikk av tre i staden for plast. I tillegg vil Magnar sette ut stålbestikk.  Det er viktig at ein leverer tilbake både salatbolle og stålbestikk slik at det vert vaska.  Skal du ha salaten med deg kan du spørje om plastbeger (vi har lov til å bruke opp det som allereie er kjøpt inn).

Alle ved skulen må bli enda flinkare til å sortere. Dersom du mellom anna ikkje et opp maten din skal den kastast i matavfallet og ikkje i restavfallet. Her er det mange som slurvar!
Er du usikker kan du lese meir om sortering og reinhald av emballasje på Sortere.no

Regjeringa sitt forbud mot eingongsplast