Høyanger vidaregåande skule
Gravemaskin

Førebels stengingar av gangvegar og parkeringsareal ved Høyanger vgs.

BKK skal legge ny kraftkabel gjennom Høyanger

I samband med dette arbeidet vert det førebels steningar av gangveg, parkeringsareal og korte stengingar av avkjørsel til Høyanger vgs, Høyangerhalle og Høyangerbadet.

Arbeidet med kabelgrøft frå Dale til Hydro er godt i gang og vil fortsette nedover gangvegen langs FV55.  Det vert også oppstart av kryssing av vegar og parkeringsplassar. Dette vil medføre delar av parkeringsarealet ved skulen vert stengt i periodar.  De vil utføre arbeidet så raskt som mogleg slik at vi unngår stenging av avkjøringa til Høyanger vgs. 

BKK NETT AS er Byggherre
Allbygg AS, Florø er Hovedentreprenør
Per A Øren Entreprenør er underleverandør på kabelgrøfter

BKK beklagar ulempene dette vil medføre, og har bedt skulen informere tilsette og elevar om arbeidet, slik at dei er ekstra forsiktige i denne perioden.

Vedlagt ligg det meir informasjon om prosjektet samt ein framdriftsplan

Info ny kraftkabel - YSA

Info stengingar

Fremdriftsplan

 

Tips ein ven Skriv ut