Høyanger vidaregåande skule
illustrasjonsbilde av febersykperson

Førebels endring i reglane om fråvær

Kunnskapsdepartementet har bestemt at elevar som har sjukefråvær, skal sleppe å gå til fastlegen sin for å dokumentere fråværet

Målet er at elever med milde symptom på luftvegsinfeksjon ikkje skal presse seg til å gå på skulen.

Av smittevernomsyn er det ønskeleg at elevar med symptomer på luftvegsinfeksjon ikkje møter på skulen. For elevar i vidaregåande skule ville dette fort verte ei utfordring i forhold til dei vanlege reglane om fråværsgrensa. 

Kunnskapsdepartementet har difor vedteke førebels endringar i fråværsreglane med virkning frå 24.august. 

Endringa går ut på at elevar i vidaregåande skule som har sjukefråvær, kan bruke eigenmelding. Elevar som er under 18 år, må ha stadfesting/signatur av ein føresett. Endringane gjeld også for føring av fråvær på vitnemål og kompetansebevis i grunnskule og vidaregående skule. Dvs. at sjukefråvær i perioden 24.august til 31.oktober 2020 vert ikkje ført på vitnemål eller kompetansebevis. 

Etter forslaget skal endringane i første omgang gjelde ut oktober.

Les alt om førebels endringangar på Regjeringa.no