Musiker Thea Hjelmeland utanfor Høyanger samfunnshus med 3 elevar bak seg

Thea Hjelmeland, Adrian Nilssen, Joakim Ese og Krister Ese

Flott konsertoppleving med Thea

Vel 150 elevar og tilsette ved Høyanger vgs fekk ei flott konsertoppleving i Høyanger samfunnshus torsdag førmiddag.  Thea Hjelmeland leverte frå første stund og målbandt Høyangerpublikumet med sin stemningsfulle musikk og uttrykk. Artisten spelte to nye låtar som ho enda ikkje hadde laga tekst til. Desse ville ho ha tilbakemelding på frå elevane, og oppmoda dei til å finne tema som passa.  Dagny S. Nesse i 3STA slo til og vann billettar til neste konsert, for sitt forslag til innhald i den eine låta.

Musiker Thea Hjelmeland på scena i Høyanger samfunnshus