Elevar på samfunnshuset

Fagdag med UE Sogn og Fjordane for 70 elevar

Ungt Entreprenørskap (UE) samlar årleg elevar som er med i ungdomsbedrifter til kurs

Program for dagen

Innleiing av Eivind Husabø ved UE Sogn og Fjordane.
Deretter fortalde grundar, Lars Arne Målsnes, korleis det er å drive i reiselivsbransjen i Balestrand med m.a. fjordturar på Sognefjorden i ribb-båt.

NAV arbeidslivssenter var representert ved Berit Mogaard. Ho snakka om bakgrunn og fordelar med å vere ei IA-bedrift (IA=inkluderande arbeidsliv).

LO Sogn og Fjordane hadde tema «svart arbeid» og informerte om kva ein får tilbake ved å betale skatt, og om konsekvensane ved å arbeide «svart».

Alle elevane ved vg2 yrkesfag og vg2 og 3 på studiespesialiserande deltok.

Dagen vart avslutta med eit rekneskapskurs for økonomiansvarleg og dagleg leiar i ungdomsbedriftene på skule vår.  Det var Skatte Vest ved Jan Ivar Eriksen og Halvar Bjørge som stod for dette.

UE Eivind

 UE Berit

  UE LO

 UE  Skatt Vest