
Blodsukkermåling
Fagdag i naturfag
Måndag 8. mars hadde vg1 klassane ved Høyanger vgs. fagdag i naturfag
Heile dagen gjekk til eit forsøk der elevane skulle sjå kva verknaden av sunn frukost versus usunn frukost var.
Elevane fekk servert frukost i kantina 09:30. Halvparten åt sundt, dvs at dei fekk servert grovbrødskiver med pålegg og drakk melk. Den andre halvparten åt usundt og fekk servert kveitebollar, kjeks og drakk brus.
Deretter gjekk elevane ein tur for å kjenne etter på energinivået, før dei hadde oppgåveløysing som krevde konsentrasjon. Gjennom dagen vart blodsukkeret målt tre gongar;
1. Før frukost og etter frukost
2. Etter tur
3. Etter oppgåveløysing.
Blodsukkermålingane vart utførte av vg1 helse og oppveskt.
Her er nokre bilete frå fagdagen (Foto Synne T. Ullebø 1HOA)
Usunn frukost
Sunn frukost
Ut på tur!
Tid for måling av blodsukker!
Amalie målar Petros
Tonje målar CJ
Alicja målar Thelma
Ingen slepp unna! Her er det naturfaglærar Olsen som får stikk i fingen av Anita.
Alt i alt ein spennande og lærerik dag for alle, med godt samarbeid mellom studie og yrkesfag.
Thelma 1STA