Erasmus + logo

Erasmus+

Som ein del av Erasmus+ prosjektet Høyanger vgs er med i, var vi på tur til Alzey i Tyskland frå måndag 3. til fredag 7. februar.

Vi deltok i eit møte med tittelen «Communication in an evolving society, new platforms and relationships». Dette møtet handla om korleis ungdom kommuniserer med kvarandre i eit samfunn som er i endring, og korleis ungdom dannar nye forhold og brukar nye plattformar.
Gjennom veka i Alzey budde vi med våre vertselevar og deira familiar. Litt skummelt først, men utrolig fint og lærerikt så fort vi vart meir kjende. Vi hadde tette dagsprogram med blant anna dagsturar til Mainz der vi besøkte Gutenbergmuseumet, regionsparliamentet og ein av dei største TV-kanalane i Tyskland; ZTV. Vi jobba og i mindre grupper med ulike tema knytt til tittelen for veka.
Dette kan du lese meir om i Ytre Sogn Avis

Dette og neste skuleår vil Høyanger Vidaregåande skule delta i eit samarbeidsprosjekt med fem andre vidaregåande skular i Europa. Under tittelen "Framework for success: Preparing youth for a competent life in a fast-changing Europe" skal vi sjå nærare på kva det er dagens ungdom trenger i morgondagens Europa. Kva ferdigheter bør ein ha, kva kunnskap bør ein søke og kva slags tankesett bør etterstrebes? Sjølv om tittelen på hele prosjektet gjeld gjennom heile perioden vil det vere undertitlar for kvart prosjektmøte. 
I løpet av 2019-2021 vil vi møte elever frå vidaregåande skular i Danmark, Italia, Tyskland, Nederland og Baskerland. Det vil være møter via nett, men i tillegg vil kvar skule vere vertskap for ei samling kvar. Da sender kvar skule 4-5 elever + lærar til ei vekes prosjektmøte der elevane vil arbeide i grupper, delta på førelesningar og undervisning. I tillegg vil det vere ulike aktivitetar som er tilpassa opphaldets fokusområde. 

Det var Andrine Sværen, Sindre Ulvestad, Julie Hellebø Bjørkhaug og Gina Norevik Hjelmeland frå 2STA  som var på tur denne gongen.
Elevar på reise til Tyskland

Høyanger Vidaregåande skule vil vere vertskap for dette prosjektet 23.–27. mars.