Høyanger vidaregåande skule
Erasmus+ kube

Erasmus+

Denne veka er fire elevar frå 2STA og to tilsette i Hillerød i Danmark ism eit nytt Erasmusprosjekt

Inneverande og neste skuleår deltek Høyanger vgs i eit samarbeidsprosjekt med fem andre vidaregåande skoler i Europa. Under tittelen "Framework for success: Preparing youth for a competent life in a fast-changing Europe" skal vi sjå nærmare på kva det er dagens ungdom treng i morgondagens Europa. Kva for ferdigheiter bør ein ha, kva kunnskap bør ein søkje og kva slags tankesett bør ein strebe etter?
 
Frå Høyanger vgs er det vg2 på studieførebuande (vg3 neste år), som deltek. I løpet av 2019 - 2021 vil dei treffe elevar frå vidaregåande skular i Danmark, Italia, Tyskland, Nederland og Baskerland. Det vil og vere møter via nett, men i tillegg vil kvar skule vere vertskap for ei samling kvar. Da sender kvar skule fire til fem elevar samt lærarar til ei vekes prosjektmøte kor elevane vil jobbe i grupper, delta på førelesningar og undervisning. I tillegg vil det vere ulike aktivitetar som er tilpassa opphaldet sitt fokusområde. 
Sjølv om tittelen på heile prosjektet er gjeldene gjennom heile perioden vil det vere undertitlar for kvart prosjektmøte.
 
Denne veka er Benjamin, Andrine, Live og Per Ove i Hillerød, Danmark ved Fredriksborg Gymnasium og HF. Der møtes dei under arbeidstittelen; Lifestyles in postmodern Eurpean society - is youth creating a new lifestyle - and how? Vi gleder oss til dei er tilbake og deler med oss andre kva de har opplevd og lært.
 
 Neste møte er i Tyskland i februar, medan Høyanger vgs er vertskap i slutten av mars 2020.

 

Tips ein ven Skriv ut