Erasmus + logo

Erasmus+

Prosjektet "Small Towns in Europe" går no mot slutten. I veke 10 reiser avdelingsleiar Kristin S. Råsberg og to elevar frå 3STA til Nederland

Turen til Breukelen i Nederland er nest siste tur før ein avslutter prosjektet i Austerrike i april.
Denne gongen er det Susanne Aardal og Espen Strandos som skal representere skulen.  Elevane som går i 3STA har vore i delaktig i prosjektet sidan dei byrja på skulen i 2015.
Det er RGS Broklede som er vertskapsskule for besøket.  Geografisk ligg skulen sør for hovudstaden Amsterdam i provinsen Utrecht. Skulen er noko større enn Høyanger vgs. Dei har vel 1400 elevar frå alderen 12 til 19 år og det er 150 tilsette. I tillegg til ordinær undervisning, tilbyr dei og undervisning til elevar med spesielle behov, immigranter og flykningar, ikkje så ulikt Høyanger vgs.  

Prosjektet fokuserer på innovasjon, entreprenørskap og overgangen frå utdanning til arbeidsliv. Dette skal gjerast i eit «småby»-perspektiv. Elevane skal vere i hovudfokus og ein sentral del av dette prosjektet er mobilitet. Elevane vart vald ut etter ein prosess kor dei måtte levere søknad på engelsk.

Vi ønskjer Susanne, Espen og Kristin god tur til Nederland og håper dei får ein fint opphald i Breukelen.

Small Towns in Europa