Høyanger vidaregåande skule
Erasmus + logo

Erasmus+ reise 2019

I samband med nytt Erasmus+ prosjekt reiser vg2 frisør til Danmark i slutten av mai månad

I år har skulen fått Erasmus-midlar til eit nytt samarbeidsprosjekt.

Denne gongen er det frisørklassen på vg2 som skal få knytte band med ein skule i Danmark. Skule heiter EUC-SYD og ligg i byen Aabenraa heilt sør Danmark, ikkje så langt frå grensa til Tyskland.  Dei fem frisørelevane skal vere i Danmark frå 26. mai til 8. juni.  Lærar Kristin V. Sande skal vere med dei den første veka, medan avdelingsleiar på yrkesdag, Ståle Walsvik, og lærar Ingunn Eikås skal ha ansvaret den siste veka.

Det er første gongen ein frisørklasse frå Høyanger vgs deltek i eit internasjonalt prosjekt og både elevane og dei tilsette gler seg til turen.  I følge programmet er det i tillegg til det faglege opplegget også sett av tid til sosiale aktivitetar. 

Kristin fortel at dei skal til Flensburg i Tyskland å sjå på tyske hårmotar og motetrendar. I tillegg er det sett av ein dag til å besøke ulike frisørsalongar i Sønderborg. 

Fagleg skal elevane ha fokus på miljøvenlege frisørprodukt.  Våre danske vener er komen noko lenger enn oss på dette feltet. 
I og med at dei danske elevane skal delta på Nordic Hair Award den 9. juni vert det mykje fokus på konkurransefrisyrar. Her skal våre elevar og få vere med på førebuingane og jobbe med same tema. Det vert og ein intern konkurranse mellom dei norske og danke elevane.  
Elevane skal og lære om trendar innan mote da dette heng tett saman med styling.

Vi ønskjer alle ein riktig god tur og håpar dei får mange fine og lærerike dagar.  

Her er nokre bileter frå februar. Då hadde rektor Torill Thorbjønsen og lærar Kristin V. Sande formøte med skulen i Aabenraa.  Her vart delar av planane for reisa no i mai/juni lagt og dei fekk omvisning på salongen i Aabenraa;

frisørsalong Danmark

Frisyre på dukke

Frisyre på dukke

Frisyre på dukke

 

 

Tips ein ven Skriv ut