Høyanger vidaregåande skule
Terje Søreide på scena på samfunnshuset

Terje Søreide ønskjer velkommen

Entreprenørskapsdag

Like før sommarferien arrangerte Høyanger vgs, Høyanger Næringsutvikling (HNU) og Ungt Entreprenørskap (UE) ein entreprenørsskapsdag for vg1 elevane. I tillegg deltok ungdomsskulelevar frå Høyanger  og Høyanger sørside.

Det var Høyanger vgs som tok intiativet til denne dagen.  Skulen hadde invitert med HNU, UE og lokalt næringsliv.  Åtte bedrifter deltok og målet var å introdusere ungdomsbedrift som stategi for læring.  Skulen har i fleire år hatt ungdomsbedrifter, men berre på vg2 og vg3 nivå.  Vidarer ønska skulen eit tettare samarbeid med lokale bedrifter, men og gje elevane gode idear til ei framtideg ungdomsbedrift.  Ekstra kjekt at Adm. dir. i Ungt Entreprenørskap Noreg, Grete Ingeborg Nykkelmo, kunne vere til stades.   Under ligg bilete og program for dagen!

Rektor overrekker gåve til Adm Dir i UE 
Elevar på scenen på samfunnshuset
Bedriftene på scena på samfunnshuset

PROGRAM FOR ENTREPRENØRSKAPSDAG 18. JUNI 2019 
 
08.30: Velkommen til entreprenørskapsdag
v/Ståle Walsvik, arbeidslivskontakt Høyanger vidaregåande skule.
08.35: Kulturelt innslag 
08.40: Ungt Entreprenørskap – kven er vi? kva gjer vi?
Adm. dir. i UE Norge, Grete Ingeborg Nykkelmo  
09.00: Høyanger næringsutvikling om samarbeidet med HVGS og UE 
09.05: Presentasjon av lokal gründer - Thor Aage Lillestøl, Photoevent
09.15: Informasjon om elevbedrift/ungdomsbedrift 
v/Jørn Helgheim og Eivind Husabø, UE SFJ 
09.25: Bedriftene presenterer seg sjølv og aktuelle oppdrag som dei kan gje ungdomsbedriftene
 
Program for Vg1-elevane:
10.15: Elevane jobbar i grupper – utarbeide konsept og forslag til forretningsidéar
11.05: Lunsj
11.25: Elevane jobbar vidare med gruppearbeidet 
12.00-13.00: Elevane presenterer aktuelle konsept og forretningsidéar for bedriftene 
– bedriftene kjem med tilbakemeldingar til elevane
13:00-14:00: Elevane deltar på presentasjon frå ungdomsskuleelevane
 
Program for ungdomsskuleelevane:
10.15: Informasjon om elevbedrift v/ Jørn Helgheim
10.45: Øvinga «Etablering av eiga verksemd» - utvikling av forretningsidéar
11.30: Lunsj
12.00: Øvinga «Etablering av eiga verksemd» fortsetter
13.00-14:00: Elevane presenterer sine idéar / oppsummering av dagen 

Du kan lese meir om entreprenørskapsdagen ved å gå inn på følgjande linkar:

Ungt Entreprenørskap

Ytre Sogn Avis

Tips ein ven Skriv ut